GulatingetPå tingferd til demokratiet si vogge får du oppleve og høyre om Norges eldste og viktigaste tingstad. Guida omvisning kvar dag ; kl 12 på norsk og kl 13 på engelsk ![]() Gulen og Eivindvik er kjent for den eineståande historiske, nordiske arven : framvekst av demokratiet. For meir enn 1000 år sidan sette dei kvarandre stemne, bøndene og kongane som styrte Norge.
![]() Besøk TINGSTADEN Besøk Gulatinget og bu godt på Eivindvik Fjordhotell medan du utforskar dei historike merkene i Eivindvik, Gulatinget, Krossane i Eivindvik, Olavskjelda , den 1000-år gamle døypefonten i kyrkja og andre ting. Norske kongar til alle tider har vore her og sett sitt preg på staden. Dagleg GUIDE og omvisning i perioden 1.juni - 31.august. Guiden er og vert på turistkontoret, plassert i resepsjonsområdet til Eivindvik Fjordhotell, i Eivindvik sentrum. Kom innom og få god informasjon. Besøk heimesida: www.gulatinget.no Guiding på Tusenårsstaden GulatingetDagleg
guiding Arrangør: PROSJEKT TUSENåRSSTADEN
GULATINGET
Håkonarspelet -
Håkon Adalsteinfostre (ca. 920-961) vart fostra opp i kristen tru hjå Kong Adalstein i England. Med god hjelp frå den engelske kongen vart han konge i Noreg slik som far sin, Harald Hårfagre. Kong Håkon, seinare kalla Håkon den Gode, nya opp att dei gamle Gulatingslovene og la til bolken om Kristtrua. Slik ville han få nordmennene til å slutte med blotinga til dei gamle gudane og leve saman som brør utan blodhemn og mannedrap. Lova vart óg tillagt den viktige bolken om utbygging av leidangen (sjøforsvaret). Kor store skulle skipa vere? Kven skulle styre dei og ha oppsyn med vedlikehald og nybygging? Korleis skulle ein ta ut mannskap? Kor lenge skulle dei vere pliktige til å liggje ute, og kor mykje mat og løn skulle det ytast pr. mann? Gjennom demokratiske prosessar og kompromissar vart lovene forpliktande både for konge og bønder. Det var her – i møte mellom bøndene og statsmakta – at nasjonen Noreg vart bygd. Gulatinget vart flytta til Bergen om lag år 1300, etter at kongen og statsmakta hadde fått meir og meir makt over avgjerdene på tinget. Gulatingslova vart rekna som ei av dei friaste og mest demokratiske lovene i Europa for tusen år sidan, og lova kom til å setje sitt preg på mange andre lover. Dei lovene vi har i Noreg i dag er framleis tufta på dei gamle Gulatingslovene Publisert: 18.08.07 kl 00:56 |
Utskriftsvennlig side
Tips andre






