Kystfolket i nær fortid
Gulen og regionen rundt er kjend for å ta vare på kystkulturen. Fiskarbonden, jakt, friluftsliv og nytteproduksjon er ting vi kan vise deg...
GULEN FISKARBONDEMUSEUM Fiskarbondetun frå 1800-talet med
autentiske bygningar, innsamla historiske gjenstandar og
skriftar.
Omvisn: Juni – August. Etter avtale.
Kr. 25,- barn u/15 år gratis
Hotellet er behjelpeleg med
informasjon.
http://www.jensbua.no/gfm/
MASSNES VILLMARKSMUSEUM Eit besøk
til Villmarksmuseet på Massneset er ei flott oppleving for
heile familien. Villmarksmuseumet kan vise
fram zoologiske-, natur- og kulturhistoriske utstillingar
og er berre 12 minutter aust for Oppedal. Her finn du
verkelegnære norske ville dyr som hjort, rev, mindre dyr og
ei mengd fuglar. Du får informasjon om korleis dei leve, kva
dei et, levealder, ja kort sagt; alt som er verd å vite
om eit dyr. Senteret er bygd opp med ekte interesse
for livet i vestnorske skogar og fjell. På kveldinga kan en
rett som det er møte levande hjort, eller ein kan overnatte
i "hjortehytta" og filme eller fotografere hjorten i sitt eige
miljø. Du kan vandre på natursti i vakker
natur gjennom urørt skogsområde langs fjorden. Du kan
oppleve tiur- og orreleik i mai – juni. Senteret har enkel
servering i kaféen.
Ope: 01.5 – 31.8 alle dagar 10.00 – 18.00.
Vaksne kr. 50,- Barn kr. 25,- Grupper etter avtale.
Hotellet er behjelpeleg med
informasjon.
http://www.jensbua.no/massnes/
SELLEVÅG TRESKOFABRIKK
I Sellevåg var det treskoproduksjon frå 1899
–1975. Med eiga kraft frå Sellevågsvatnet og
nær veg til både råmaterialer frå Indre
Sogn og Bergen som stor marknad for tresko, låg forholda godt
til rette for ein treskofabrikk i Sellevåg. Sellevåg
Treskofabrikk er freda. Omvisning med demonstrasjon etter
avtale.
Hotellet er behjelpeleg med informasjon.
Finn dine aner i Amerika og
Canada.
Sjå
og:
Med røter frå Gulen
Vestnorsk
Utvandrarsenter - Utvandrararkiv Flere
enn 800 000 nordmenn har utvandret til Amerika siden Cleng Peerson
og 'Restauration' dro ut fra Stavanger i 1825. Nesten 100 000
av dem, alle fra Hordaland eller Sogn og Fjordane, er registrert i
arkivet hos Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta i
Nordhordland!
Emigrantkirka vigsla på Sletta i
1997 Vestnorsk Utvandringssenter ligg like ved
RV 565 på Sletta på Radøy, 50 minutter frå
Bergen og 1.5 timar frå Eivindvik. Den kvitmalte,
historiske og vakre Emigrantkirka, Brampton Lutheran
Church, er henta frå Nord Dakota i USA i 1996, flytta
over Atlanterhavet og vigsla på Sletta i 1997.
Omvisning Både i Utvandrerkirka og
husene er det omvisninger hver dag om sommeren, mens
åpningstidene er begrenset til helgene i begynnelsen av juni
og slutten av august. De nesten timelange omvisningene starter
alltid med en film om Utvandringssenterets bakgrunn og
historie - inne i kirken.
Åpningstider 3/5 -
15/6: lørdag/søndag: 12 –
17
21/6 - 17/8: daglig 12 – 17
23/8 - 31/8: lørdag/søndag 12 – 17
Grupper etter avtale utenom åpningstid.
Pris Voksne: kr 30,-
Barn 7 -15 år: kr 10,-.
Grupper kr. 30,- pr.person
Senteret ligg på Radøy. Eivindvik Fjordhotell er
behjelpeleg med informasjon.
Publisert: 08.03.07 kl 21:14
|