Prestegardstien

Er du glad i historiske kjennemerker, er du komen til rett stad....

På vandring langs Prestegardstien som omkransar den gamle prestegarden i Eivindvik, kan me sjå ei Krossane i Eivindvikrekkje små og store kulturminne- heilt frå vikingtida og fram til våre dagar. 

Den angliske steinkrossen i krossteigen er omlag 1000 år gamal, og truleg er den sett opp av ein av dei norske misjonskongane. Den keltiske krossen ved kyrkjegardsporten er frå tidleg kristningstid for omlag 1000 år sidan.

Ved Prestekaia ligg Herresalen som Prost Niels Griis Alstrup Dahl sette opp som sin bustad i 1819. Att med huset, som er bygd i nyklassisistisk (empire-) stil og var prestebustad fram til 1902, ligg den monumentale prestekaia og kyrkjetrappa - i si tid det naturlege knutepunktet for trafikken til og frå bygda. Herfrå kan me ta til på vandringa opp til og langs med den mektige Prestegardsmuren som stod ferdig rundt 1825 og som gjerda inne heile innmarka (1,5 km) på prestegarden.

Me passerer -Kjørslevegen- til Vassverket som tek av her, og som vart nytta til å frakte brenselet til gards. I dag er denne gamle vegen ein fin tursti.

Frå øvst i Krossteigen har me utsyn til den angliske steinkrossen i Krossteigen.  Me ser og det kvite huset i Fonnevika - nede ved sjøen på Fonna - på andre sida av Prestesundet. Dette vart bygd i 1814 av prost Dahl som eit døme på god byggjeskikk, men er sidan mykje endra.
Fleire stader i Prestegardsmuren kan me få auge på restane etter gardflorane (fjøs) som var til bruk for husdyra vår og haust.

I dette området finn me også Prestveita, den lengste av dei underjordiske grøftene frå steinmuren og som munner ut nede ved Prestekaia.

Borgstova, rett nedom kyrkja, er nok eldste huset innafor området som før var prestegarden i Eivindvik. Huset, truleg frå 15-1600- talet, er ein ombygd prestebustad og har vore nytta til alt ifrå omkledings- og matrom for tilreisande kyrkjefolk til konfirmantundervisning
.

 


Publisert: 10.03.07 kl 14:19

Utskriftsvennlig side




Tips andre
Send tips til epost:   Din epost-adresse:
 
(for å sende til flere samtidig, bruk komma mellom epost-adressene)    
     
Din kommentar: (valgfritt)    
 

Maakehimmel

båtliv

Tel: +47 57784310 fax +47 57784313 post@eivindvik-fjordhotell.no. Eivindvik Fjordhotell  5966 Eivindvik

Powered by EasyPublish CMS