Fotturar med gigantutsikt

Etter få minuttars gange kjem du opp i reint terreng med eit fantastisk utsyn til over 3000 øyar i Gulen og Solund....

Utsikt i Ytre Gulen, Mjømna  Utsikt over Eivindvik

Ta med kikkert og kle deg etter været!

Eivindvik har mange flotte opparbeidde turløyper til glede for  gjester og bygdefolk. Omkransa av fjell, fjord og hav, er bygda og området eit eldorado for ein kvar turist. Her er snaufjell før du er komen 400 m.o.h. og utsynet er storveges: i sør til Mongstad og Lindåslandet, i aust til bygdene i eigen kommune og heilt mot Stølsheimen, i nord til Krakhellesundet, Lihesten og Alden, og i vest ser vi heile øyriket i Gulen og Solund.

Fjella er godt tilgjengelege for dei fleste, med tilrettelagte løyper i lågare lende og heilt til topps. Mange løyper er dei seinare åra rydda og merkte. Fleire er rundløyper, så du kan starte i Krossteigen (tett attmed kommunehuset) og returnere dit utan å gå i dine eigne fotefar. I tillegg er klimaet her slik at mange løyper kan nyttast året rundt!
Sjå turkart over GULEN

 


Publisert: 22.03.07 kl 11:43

Utskriftsvennlig side




Tips andre
Send tips til epost:   Din epost-adresse:
 
(for å sende til flere samtidig, bruk komma mellom epost-adressene)    
     
Din kommentar: (valgfritt)    
 

Maakehimmel

båtliv

Tel: +47 57784310 fax +47 57784313 post@eivindvik-fjordhotell.no. Eivindvik Fjordhotell  5966 Eivindvik

Powered by EasyPublish CMS