Opplev nærområdetVil du prøve tennis, sykling, korte fotturar, padling eller bading...eller berre oppleve det historiske Eivindvik... Hos oss har du gå- og sykkelavstand til mange kjekke aktivitetar medan du bur på hotellet. Vi hjelper deg med utstyr og anna. Spør oss i resepsjonen om vi har ledig til deg.
Fisketurar, Les meir om det her Tennisbane: 10 min. gange eller 4 min.sykkel, finn du tennisanlegg og fotballbane. Flott å ta med barna til leik og ballspel. Kanotur i Dinja eller kanskje Prestesundet. Eivindvik ligg lunt til innforbi Hisarøy og storhavet. Mang ein viking fekk ei trygg havn her. No kan du få freiste årane. Finne roa og lere deg padlekunsten. Du vil ikkje angre. Hotellet legg alt til rette for deg. Ynskjer du instruktør ?. Spør i resepsjonen. Badeplassar i Eivindvik og omland: Bading og fjøreliv høyrer sommaren til, og i Eivindvik finn du idylliske badestrender. Du kan bruke hotellet si strandlinje eller dra ut langs landet , ta med ungane, ei picknic-korg og nyte ferien i fulle drag. Spør i resepsjonen etter dei beste plassane. Prestesundet: .. heiter sundet mellom Eivindvik tettstad og øya Fonna. Her ligg Eivindvik sitt eldste hus. Ein tur rundt Fonna i småbåt tek ca 1 time. Helst skal sola skine og badetøyet vere på. Prestegardsstien: Ei vandring bakover i historia midt i Eivindvik sentrum. Les meir om den kjende attraksjonen.
Nordsjøløypa: . Nordsjøløypa er eit internasjonalt EU-prosjekt under navnet Nave - Nortrail. Det handlar om vandringsvegar i naturlandskapet langs kysten. Det betyr at det fins tilrettelagde tilbod langs kysten i ei rekke land. I Eivindvik finn vi desse vandringsvegane mellom Sollibotn og Eivindvik sentrum, og vidare inn på Flolid der Gulatinget står. Allemannsretten gjeld i utmark. Der kan du: *Ferdast fritt til fots og på ski, *Rasta og overnatta, *Ri eller sykla på stigar og vegar, *Bada, padla, ro og bruke seglbåt, *Plukka bær, sopp og blomar, *Fiska fritt etter saltvassfisk" Den Trondhjemske postveg. I 1647 sette statthaldar Hannibal Sehested i verk ei fast postordning i Norge etter oppmoding frå kongen. Dette var starten på postvegane, som først gjekk langs dei eldgamle ferdselsårene mellom landsdelane. Den første postruta mellom Bergen og Trondheim blei oppretta i 1674.Men Ruta kom i gang først i 1786 og det fyrste postopneriet i Gulen, på Eide, vart skipa i 1787. LES MEIR om Postvegen i Gulen.
Publisert: 22.03.07 kl 11:44 |
Utskriftsvennlig side
Tips andre




